Bloggen for folk flest

Høyring på Stortingslista for Sogn og Fjordane FrP

Kristine Lie sitt innlegg om Christina Flåten på FrPs Landsmøte

Vestlendingen og det raudgrøne trollet

Posisjonar viktigare enn politikk for Høgre?

Ordførar i Førde, Olve Grotle, seier i eit innlegg i Firda at han er «oppteken av å være ein styringsdyktig ordførar framfor å stå på sidelinja å vifte med ideologiske flagg». Med andre ord er han meir oppteken av å behalde posisjonen som ordførar, enn å gjennomføre Høgre sine eigne politiske løysingar.

I politikken så handlar det ofte om å oppnå posisjonar, og det er på den måten at ein får makt og høve til å gjennomføre dei politiske løysingane ein står for. Men når posisjonen vert eit mål i seg sjølv, og dei politiske løysingane vert nedprioriterte for å kunne behalde verva sine, då held ein veljarar for narr.

Fullstendig klage til ESA på flyrutetildelingane

På bakgrunn av at Widerøe gjenntekne gonger prøver å så tvil om grunnlaget for min klage til EFTA sitt overvåkingsorgan ESA, legg eg her ut heile klagen innkludert dokumentasjon. Så kan kanskje selskapet komme med kva konkret som er feil, i staden for store ord og retorikk.

Førde, 23.03.2012

Rangering av kandidatar til FrP si stortingsliste

No har alle høve til å være med å sei si meining om kven ein meiner skal stå på Framstegspartiet si liste til Stortingsvalet neste haust. Trykk på linken for å rangere mellom kandidatane på FrP si liste

Klikk her for å gjennomføre di rangering

Høgre sitt veljar-svik

29. mars deltok eg på min første NHO-konferanse i Førde, og eg vart imponert over både arrangementet og presentasjonane frå alle bedriftene og næringsaktørane frå heile fylket. Temaet for konferansen var «alle gode krefter», og på ein fortreffeleg måte fekk deltakarane presentert korleis det store spekteret av forskjellige private bedrifter og lokale gründarar kunne bidra til å gjere offentleg sektor betre og meir effektiv enn den er.

Sogn og Fjordane er ikkje eit større fylke enn at vi må spele på lag. Det offentlege, gjennom fylkeskommune og kommunane, må bidra til at private bedrifter kan utvikle seg gjennom å kjøpe varer og tenester frå bedriftene, som igjen får høve til å ekspandere og skape arbeidsplassar lokalt.

Raudgrønt likestillingshysteri

Når mange studentar no sender inn sine studiesøknadar for 2012, likar eg å tru at desse søknadane vert handsama på grunnlag av det karaktersnittet, altså den faglege kompetansen, som kvar enkelt har opparbeida seg. Eg likar å tru at søknadane vert handsama uavhengig av kvar ein kjem frå, kor gammal ein er, og ikkje minst, kva kjønn ein har. Når eg no har sendt inn min eigen studiesøknad for det komande året, meiner eg at det er sjølvsagt at denne skal handsamast på grunnlag av den kompetansen eg som søkjar innehar. Det er dei resultata eg har oppnådd som skal avgjere om eg er god nok eller ikkje for det studiet eg ynskjer å gå på.

Det er og denne tanken dei fleste har gjennom heile tida på vidaregåande. Mange arbeider hardt og målbevisst for å oppnå den kompetansen som krevst for å komme inn på draumestudiet. Men det er ikkje slik at alle er garanterte at deira studiesøknad vert handsama uavhengig av irrelevante faktorar som alder, geografi og kjønn. I eit hysterisk forsøk på å jamne ut fordelinga av kjønn på ulike studieretningar, har nemleg dei raudgrøne innført det dei kallar kjønnspoeng.

Jernringen rundt Førde

Det vart i bystyret på torsdag bestemt å opprette eit selskap som heiter Førdepakken A/S. Dette selskapet skal utrede alle sider ved ein bomring rundt Førde for å skaffe pengar til vegar gjennom, og utanfor Førde sentrum.

Som kjent er Halbrendslia overbelasta med trafikk i dag, og noko må gjerast. Det viktigaste først er å bestemme kvar E 39 skal gå gjennom Førde. Det mest sansynlege er at vegen vil gå i tunnel frå Langeland, evt. Storehaug til Bruland. Eit anna alternativ er å kome ut med tunnelåpning ved Plantasjen på Kronborg.

Sundagar til besvær

LO-forbundet Handel og Kontor har vald å bruke tid og resursar på å gå til angrep på dagens 324 søndagsopne matbutikkar. Desse matbutikkane er såkalla «Brustad-buer», som inneber at dei må være under 100 kvm. Grunngjevinga frå Handel og Kontor, til no å stramme inn reglane, er at dei tilsette vert tvinga til å jobbe på søndagar.

Som politikar er eg oppteken av mange ting, og eg får høve til å delta i prosessar for å påverke korleis samfunnet skal utvikle seg, og kva velferd vi skal tilby innbyggjarane. Vi har mange og store utfordringar som krev mykje av samfunnet, og av dei offentlege forvaltningsorgana. Men heilt seriøst: Kvifor i all verda skal eg som politikar blande meg borti når folk skal få lov å handle å ikkje??

Skulestruktur i Naustdal - Kvifor vi stemte som vi stemte.

Det er nok mange naustedølar som ikkje er fornøgde etter kommunestyret i Naustdal 16.02, kor det vart vedtatt å legge ned Horstad skule, endre krinsgrenser, samt flytte elevane i 5-7 klasse frå Vevring til skulen i Naustdal. Dette skjønnar Framstegspartiet svært godt, og vi vil greie ut kva vi meiner, kva vi har gjort og kvifor vi stemte som vi gjorde.

Når Framstegspartiet vart spurt i valkampen om vi ynskja å gjere noko med skulestrukturen sa vi at så lenge det er pedagogisk forsvarleg ynskjer vi å halde på dagens struktur. Dersom vi gjer betydelege kutt ved bruk av ‘ostehøvelprinsippet’ på ein skule som allereie har lite resurrsar, meinar ikkje vi at dette er pedagogisk forsvarleg. Fleire valgte å stemme i mot tilrådninga utan å ha eit alternativ, men dette valgte vi ikkje å gjere, då økonomien ville ha blitt hardt ramma, og som konsekvens ville gått ut over kvaliteten i skulen og andre kommunale kjærneoppgaver.

Konkurranseutsetting

Konkurranseutsetting

Nå har Flora kommune blitt Høyre og Venstrestyrt. Hva kan vi forvente oss av dette tospannet? Den første testen har allerede kommet. Konkurranseutsetting. Ett forferdelig ord og spesielt når en ikke vet hva det betyr. Her er det mye uvitenhet ute og går. At Høyre ikke vet bedre er bekymringsfullt.

FrP fornyer Flora kommune

-Utidig politisk korrupsjon

Fagforbundet har invitert nærare 600 av medlemmane sine til “Valkampopning” og konsert med Åge og Sambandet i Førdehuset 4. august. Her har dei også invitert fylkespolitikarar frå AP, SV og SP til å halde politiske appellar. Ingen frå dei borgarlege partia er invitert. – Utidig politisk korrupsjon, seier Fylkesleiar i FrP, Frank Willy Djuvik

Djuvik forstår ikkje kvifor Fellesforbundet i utgangspunktet har eigen valkampopning, sidan dei ikkje stiller til val. Han seier at dette arrangementet, saman med dei 17 andre arrangementa som er planlagd rundt om i landet, synleggjer alt for sterke band mellom dei raudgrøne partia og fagrørsla. – Det er kritikkverdig nok at fagrørsla overøser Arbeidarpartiet med millionar i valkampstøtte, men at dei i tillegg bruker millionar av kroner for å drive valkamp for enkeltparti i eit lokalval kan ikkje karrakteriserast som anna enn utidig politisk korrupsjon, seier han.

Kampen for Sentralsjukehuset

Kampen for lokalsjukehusa er på ingen måte over, og det ville overraske meg stort om ikkje det framleis vil komme overraskingar frå både helseføretak, storting og regjering, når det gjeld tenester og funksjonar både i Lærdal og på Eid. Samstundes er det no alvorleg viktig at ein starter arbeidet med å sikre funksjonane ved Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane. For det er ikkje tvil om at det er faretrugande tegn, som tyder på at ein kan risikere ein like langvarig og opprivande kamp om Sentralsjukehuset, som vi har sett for lokalsjukehusa.

På kort sikt har Helse Førde ei utfordring i forhold til økonomien i det lokale helseføretaket. Når vi veit at regjeringa gjennom sine vedtak om tenester på lokalsjukehusa, har bunde opp driftsmidlar, så har faktisk ikkje Helse Førde andre stader å gjere innsparingar enn nettopp på Sentralsjukehuset. Spørsmålet er ikkje om, men kor fort og kor mykje som må kuttast. Og no kunne eg jo sjølvsagt ha sagt: “Kva var det eg sa?”, fordi eg og Framstegspartiet åtvara mot dette allereie for over eit år sidan. Men dette er ikkje tida for å skape unødige splittingar og kaste påstandar mot kvarandre, det er tida for å samle seg og arbeide for den finansieringa som må til for å oppretthalde helsetenester for innbyggjarane i fylket.

SP og SV sitt svik

I Stortinget si handsaming av Datalagringsdirektivet idag vil Senterpartiet og SV gå imot si eiga regjering. I staden står dei saman med størstedelen av oposisjonen og stemmer imot DLD. Men når det kjem til å oppretthalde eit avgjerande tryggleikstilbod, som fødetilbod, på lokalsjukehusa, er ikkje SP og SV villige til å gjere det same. Dette syner at spesielt Senterpartiet farer med tomt prat, og no ofrar tryggleiken til dei fødande i Sogn og Fjordane.

Eg skal innrømme at eg var brennsikker på at saka om nedlegging av ortopedi og fødetilbod på Eid, og reduksjonen i Lærdal var ein svært dårleg aprilspøk når saka kom i media fredag. Sjølv om NRK ringte meg om morgonen og fortalde det, var det først når TV2 Nyhetskanalen ba om å få eit intervju om saka at eg skjønte at dette var alvor. Med alle dei løfter og forsikringar som spesielt SP og SV har gitt, er det framleis komplett uforståeleg at regjeringa kan gå inn for ei løysing som i realiteten er det første steget i ei total nedlegging av begge dei attværande lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane.

Manglande sentersatsing er problemet

I dag tidleg høyrde eg på NRK Sogn og Fjordane at Ordførar i Selje, Gunn Helgesen frå KRF, og nestleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Arve Mjømen, sa at sentersatsinga i fylket går på bekostning av utkantana. Hvis ein trur at det er satsa på sentera i Sogn og Fjordane så har ein store problem med si eiga verkelegheitsoppfattning. Årsaka til at utkantane slit med nedgong i folketalet er jo nettopp den manglande satsinga på regionale og fylkesdekkande vekstsenter.

Eg skal prøve å leggje godviljen til, å prøve å tolke dette som noko anna enn sutring, men uansett har dei feil. No må eg seie at eg er heilt einig med Mjømen i at ein kan ikkje vedta at ein stad skal vekse, og senter utviklar seg naturleg, men det finnst nokre atterhald på akkurat det. For eksempel vil det være umogeleg for eit senter å utvikle seg hvis infrastruktur i form av både vegar, transportmiddel, straum, fiber ol. ikkje vert utbygd å satsa på. Desse tinga er offentlege oppgåver, og dermed må desse tinga ligge i botn for ei eventuell “naturleg utvikling” av sentera.

Stiller spørsmål om mangelfull brøyting

Åge Starheim spør i eit skriftleg spørsmål til samferdsleministeren, om ho vil ta grep for å sikre at kontrollen frå Statens Vegvesen på den dårlege brøytinga i Sogn og Fjordane vil betrast. Les heile spørsmålet her:

Vegvedlikehaldet i Sogn og Fjordane førre vinter og sist vinter er ikkje tilfredsstillande. Statens vegvesen har motteke mange klager. Statens vegvesen har no inngått vedlikehaldsavtaler om vedlikehaldet på fylkesvegar og riksvegar i indre Sogn, som gjeld frå sept. 2011 til sept. 2012. Kan statsråden garantere at brukarane av desse vegane ikkje opplever same dårleg vinterstandard komande vinter som førre år og sist vinter, og kan statsråden garantere at Statens vegvesen foretar nødvendige kontrollar?

Thorium - Framtidas kjernekraft

Situasjonen ved Fukushima anlegget i Japan aktualiserer kor viktig det er å utvikle kjernekraft som går vekk ifrå kjernekraft som baserer seg på fissilt materiale. Vi har ein gylden mulighet til å skape framtidas kjernekraft nettopp med Norsk kompetanse og norske ressursar i form av Thorium-forekomstar. Og for dei som trur at Thorium er noko i nærleiken av dagens uranbaserte kjernekraft: Det er det ikkje! FrP vil ikkje, hverken idag eller i framtida byggje tradisjonelle kjernekraftverk i Norge.

Det FrP derimot ynskjer, er at Norge bidreg mest muleg for å utvikle dei mulighetene som ligg i grunnstoffet Thorium, der vi faktisk er det landet som her dei 3. største kjende forekomstane i verda. I tillegg vert fagmiljøa i Halden og Kjeller ansett for å være i verdsklasse innan sikkerhet- og styringssystem. Halden-reaktoren er scene for eit av Norges største internasjonale forskningsprosjekt, med deltakarar frå 18 land. I tillegg har Norge stor kompetanse innan materialteknologi, som er sentralt i bygginga av kjernekraftverk.

Fylkesårsmøte på web-tv

Alle medlemmer og interesserte kan følge Fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane FrP direkte på web-tv på www.valtv.no eller finne meir informasjon på våre heimesider. Direktesendinga startar kl 13:00 laurdag 29. januar.

Sogn og Fjordane FrP

Følges av 10 medlemmer.

Dette er ein politisk blogg for Sogn og Fjordane FrP. Her vil du finne blogginnlegg om både lokalpolitikk, fylkespolitikk, rikspolitikk, og kanskje litt internasjonal politikk. Bloggarane er FrP sine lokale representantar i både lokallag og fylkeslag. I tillegg sper vi på med videoinnslag og bildeseriar frå forskjellige lokale arrangement. Du kan også sjekke ut våre andre aktive sider på nett og i sosiale media:
www.sognogfjordane.frp.no
Sogn og Fjordane FrP sine Facebooksider
Følg oss på twitter
Sjekk videoane våre på YouTube Mer om sonen

Origo Sogn og Fjordane FrP er en sone på Origo. Les mer

Våre nettstader

Stortingsrepresentant

Fylkesstyre

  • Frank Willy Djuvik, Fylkesleiar
  • Åge Starheim, Politisk nestleiar
  • Lars Kjølen, Organisatorisk nestleiar
  • Dag Christian Torvanger, Studieleiar
  • Rune Fauske, Medlemsansvarleg
  • Anders Magne Vik, Styremedlem
  • Ernst Veum, Styremedlem
  • Idar Kollsete, Styremedlem
  • Rita Navarsete, Styremedlem
  • Svein Hansen, Fylkestingsgruppa
  • Stig Ove Ølmheim, FpU-leiar
Annonse